Nav
Hardbakke, Norway
Er du sjukepleiar på jakt etter nye utfordringar? Då ser me etter deg! Solund kommune er ein øykommune samansett av øyer og holmar ytterst i Sognefjorden. På den største øya ligg kommunesenteret Hardbakke og der har vi samla våre helsetenester. I Solund kommune er kvilepuls verdsatt, men av og til kan det jammen vere greitt å få pumpa til å slå litt også i ein variert og kjekk arbeidskvardag. Vi har ledig 100% stilling som sjukepleiar, men vernepleiar må også gjerne søke. Turnusen vår er i dag tredelt, men me er ikkje framand for å vere nytenkande. Kunne du tenkje deg å arbeide ein stad med kombinert sjukeheim og heimeteneste med varierte og spanande arbeidsoppgåver? I ein øykommune der det blant anna er like naturleg å bruke båttransport som biltransport når vi skal på heimebesøk. Solund kommune har slått saman institusjonstenesta og heimetenesta til ei eining, der ei samla personalgruppe har ansvar for både sjukeheimspasientar og heimebuande brukarar. Kommunen har òg si eiga...