Bjørnafjorden kommune Ådlandsfjorden barneskule
Holmefjord, Norway
Vi har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Ådlandsfjorden barneskule frå 01.08.25. Vi søker deg som ønsker å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle arbeidsplassen og skulen for dei tilsette og for elevane. Skulen treng ein rektor som gjennom begeistring og engasjement vil jobbe på ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. Rektor skal vera pådrivar i arbeidet med skulen som organisasjon, profesjonelt læringsfellesskap og som ein inkluderande arbeidsplass. Som skuleleiar i Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. I området Oppvekst ligg barnehagar, skular, PPT, barnevernstenesta og førebyggande helseteneste med nærjordmorsenter, helsestasjon og skulehelseteneste. Som leiar innan oppvekstområdet inngår du i eit...