Nav
Marifjøra, Norway
Oppvekstsenteret ligg idyllisk til i hjartet av bygda, godt skjerma frå fylkesvegen med natur og skog som nærmaste nabo. Me er aktive brukarar av uteområdet vårt, inkludert nærliggjande skogområde som oppvekstsenter vårt disponerer. Dette gir barna våre unike moglegheiter for utforskande leik og aktivitetar. Me verdset samarbeidet med skulen og som eit aktivt oppvekstsenter har me gode føresetnader for å skapa eit trygt og stimulerande miljø for barn og elevar. Me søkjer ein barnehagelærar/pedagogisk leiar til den veksande barnehagen vår på Indre Hafslo. Som ein del av vårt engasjerte team vil du spela ei sentral rolle i omsorg, leik og utvikling for dei 37 borna våre. Oppvekstsenteret vårt er i positiv utvikling, og me er nettopp flytt inn i nytt barnehagebygg i år som me er veldig stolte av. Nye lokaler og etterkvart nytt utområde skapar spennande moglegheiter for både tilsette og barn. Barnehagen vår er heimen til to avdelingar, "Perle" for dei minste og "Bruse" for dei eldste....