Kvinnherad kommune Undarheim skule
Sunde, Norway
Sunde skule har frå 01.08.25 ledig stilling som rektor/einingsleiar. Skulen har 79 elevar i 1. - 7. trinn, 11 lærarar og 4 assistentar. Skulen er organisert med rektor, SFO-koordinator og merkantil ressurs. I tillegg har skulen pedagogisk koordinator, e-pedagog og etablert ressursteam. Einingsleiar er ein del av Sektor oppvekst sitt tverrfaglege leiarteam. Skulen ligg nær opp til Sunde barnehage i bygda Sunde, om lag 4 km frå Husnes. Bygda har sterk lokalhistorisk tradisjon innan båtbygging, segling og fiske og skulen har eigne undervisningsopplegg i kystkultur. Arbeidsoppgåver Ansvar for den daglege drifta av skulen, pedagogisk arbeid, utvikling- og kvalitetsarbeid, personal- og økonomiansvar. Legge til rette for medverknad, samarbeid og samhandling for eit godt tenestetilbod. Vi ønskjer ein leiar som har følgjande kvalifikasjonar relevant høgskule- og/eller universistetsutdanning innan pedagogikk leiarerfaring og/eller leiarutdanning gode samarbeids- og...