Nav
Haugesund, Norway
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for Informasjonsteknologi og -tenester, har ledig stilling som Einingsleiar IT - Digital tenesteutvikling. Om stillinga: Avdeling for Informasjonsteknologi og -tenester (ITT) er organisert i fellesadministrasjonen med ca. 70 tilsette, og er fordelt på alle våre fem campus. Avdelinga ligg i linje til organisasjonsdirektøren. Som del av ein utviklingsprosess er det gjort vedtak om ny organisering, og avdelinga vil frå 1.oktober 2025 vere organisert med fire einingar: Brukarretta tenester (IT BT), System og infrastruktur (IT SI), Informasjonsforvaltning og -sikkerheit (IT IFS), og Digital tenesteutvikling (IT DT). Dei tre stillingane som er ledige (IT BT, IT IFS og IT DT), blir no lyst ut for tilsetting. Einingsleiar får ansvaret for personalet i si eining, og ansvaret for drift og fagleg utvikling av tenesteområdet. Einingsleiar får delegert mynde frå avdelingsleiar, tek del i forming av avdelingsbudsjettet og rapporterer til avdelingsleiar....