Nav
Uggdal, Norway
Er du på jakt etter ei utfordrande og givande helgestilling? Me treng fleire dyktige medarbeidarar på laget vårt. Tysnes omsorgssenter held til i fine og moderne lokale, i eit nybygg som stod ferdig i 2017. Senteret har 30 institusjonsplassar, i tillegg til plassar for korttidsopphald, rehabilitering og eit dagsenter tilrettelagt for personar med demens. Me har òg ein KAD-plass (kommunal akutt døgnplass), der det blir gitt tilbod om augeblikkeleg helsehjelp – eit alternativ til innlegging på sjukehus. Me har for tida fleire ledige helgestillingar i ulike prosentar (12,21 % – 18,31 %), og ser etter deg som er positiv, engasjert og har lyst til å bruke helgene dine på å gjere ein forskjell for andre. Stillingane inneber to-delt turnus, med både dag- og kveldsvakter. Du arbeider i snitt kvar tredje helg, men dersom du ønskjer det, kan det vere mogleg å jobbe annakvar helg. Hos oss blir du ein del av eit fagleg oppdatert miljø der personsentrert omsorg står i sentrum. Me arbeider...