Nav
Aurland, Norway
Om stillinga Me har ledig 80 % fast stilling som brukarstyrt personleg assistent frå snarast. Stillinga er til ein mann med behov for assistanse i kvardagen. Det er til saman fire personlege assistentar i dette tiltaket. Brukaren bur i eige husvære saman med familien, og nyttar ei helg i månaden i avlastingsbustad. I arbeidet som personleg assistent får du høve til å gjere ein stor forskjell for eit anna menneske. Jobben er variert og gjevande, med gode vilkår. Personleg assistanse er organisert under kommunalområde helse og omsorg, avdeling bu og miljø. Bu- og miljø vart oppretta i 2018. Det er om lag 30 tilsette ved avdelinga. Me gir omsorg og oppfylging til brukarar med ulike behov. Meistring av kvardagslege aktivitetar og sosial deltaking står i fokus. Me jobbar aktivt for å sikre fagleg kvalitet og gode tenester. Tenester som heildøgns omsorg i bufelleskap, brukarstyrt personleg assistent (BPA), avlasting, støttekontakt og omsorgsstønad ligg til eininga. Me har også...