Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Molde, Norway
Vi har ledig ei fast stilling i justis- og beredskapsseksjonen vår. Sentrale oppgåver for denne stillinga vil vere klagesakshandsaming i plan- og bygningsrett, oreigningsrett, forvaltningsrett og innsynsrett mm. Vi jobbar tett opp mot mange aktørar, frå kommunar til departement.Vi har eit stort juridisk fagmiljø. Vi har ei eiga juridisk samarbeidsgruppe for alle dei 27 juristane på embetet og vi løyser juridiske utfordringar på tvers av seksjonar og fagområde. Kva kvalifikasjoner må du ha Master i rettsvitenskap eller juridisk embetseksamen Du har eit godt og klart språk når du skriv og snakkar norsk. For å bli tilsett som seniorrådgivar må du i tillegg ha relevant arbeidserfaring innanfor eitt eller fleire av seksjonen sine fagområde god kompetanse innanfor sakshandsaming, rettleiing, utgreiing eller utviklingsoppgåver. Ved vurdering av kvalifiserte søkjarar vil det også bli lagt vekt på erfaring frå juridisk arbeid erfaring frå juridisk saksbehandling i stat...