Kultur- og likestillingsdepartementet
Oslo, Norway
Om stillinga Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ledig ei fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i medie- og kunstavdelinga (MK). Vi søkjer deg som vil arbeide med filmpolitiske spørsmål og ha ansvaret for etatsstyringa av Norsk filminstitutt (NFI). Stillinga er plassert i seksjon MK2, som mellom anna har ansvar for film, dataspel og opphavsrett. Felta som seksjonen har ansvar for, er prega av store endringar innan teknologi, marknad og brukaråtferd, og reguleringa av områda blir i stor grad påverka av internasjonalt regel- og avtaleverk. KUD er eit relativt lite departement prega av stor offentleg merksemd kring sakene våre. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere travel. Du blir ein del av eit vitalt og tverrfagleg miljø med mange engasjerte og kompetente medarbeidarar. Arbeidsoppgåver Den som blir tilsett, skal vere med på å gjennomføre filmpolitikken til regjeringa. Hovudoppgåva for stillinga blir å utarbeide grunnlag for...