Surnadal kommune Sentraladministrasjonen
Surnadal Municipality, Norway
Ordninga "Sommarjobb for ungdom 17" i Surnadal kommune. Ungdomar som fyller 17 år i løpet av 2025 og som er registrert busett i kommunen, kan søke på ordninga. Hovudmålet er å gje ungdomane innsikt i Surnadal kommune som arbeidsplass og er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet. Dei som får tilbod gjennom ordninga får arbeid i 2 veker kvar og må kunne arbeide desse to vekene samanhengande. I 2025 er det ungdomar født i 2008 som kan søke og få tilbod om arbeid. Det er i år løyva midlar til 17 plassar. Aktulle arbeidsoppgåver du kan få tildelt er: Reinhald, rydding, vedlikehald av grøntanlegg, maling/beising, arbeid i barnehage, lett vedlikehald, kjøkkenarbeid, miljøtiltak på omsorgsbustader, i bu- og aktivitetstenesta eller ved institusjonane. Tilsettingsvilkår: Tilsettings-, lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med lover, forskrifter og avtaleverk. Krav om tilfredsstillande politiattest for arbeid innan pleie- og omorgstenesten og i barnehagar. Attesten skal...