WorkNorway
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge
  • Logga in
  • Registrera dig
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge

Modal title

5 jobb hittade i årdalstangen

Filtrera sökning
Nav
26/11/2026
Deltid
21% fast stilling som assistent ved Seimsdal sjukeheim
Nav Årdalstangen, Norway
Vil du vere med og skape gode dagar for eldre? Ved Seimsdal sjukeheim har me no ledig to faste stillingar på 21 % som assistent . Me søkjer deg som trivst saman med menneske, har eit varmt engasjement for eldre og ynskjer ein jobb der du verkeleg betyr noko for andre. Hjå oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der omsorg, respekt og tryggleik står i sentrum. Kvar dag bidreg du til å skape gode opplevingar og eit meiningsfullt kvardagsliv for bebuarane våre.   Ein variert og meiningsfull arbeidsdag Som assistent ved Seimsdal sjukeheim vil du vere ein viktig del av teamet rundt bebuarane. Arbeidsdagane er varierte og fylt med menneskemøte, omsorg og små og store oppgåver som gjer ein forskjell. Du vil mellom anna bidra med stell og pleie, hjelpe bebuarane med personleg hygiene og måltid, og vere med på aktivitetar og sosiale møtepunkt som skaper trivsel og livsglede. Du vil også ha oppgåver knytt til orden og drift på avdelinga, samt dokumentasjon og...
Nav
26/11/2026
Heltid
Sjukepleiar i 100 % fast stilling ved Seimsdal sjukeheim
Nav Årdalstangen, Norway
Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til eldre? Ved Seimsdal sjukeheim søkjer me ein trygg, omsorgsfull og utviklingsorientert sjukepleiar som ynskjer å bidra til gode dagar for bebuarane våre. Me er opptekne av kvalitet, fagleg utvikling og ei omsorgsteneste som tek utgangspunkt i det som er viktig for kvar enkelt. Hjå oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du blir ein viktig del av eit engasjert fagmiljø, med høve til å påverka og vidareutvikla tenestene saman med dyktige kollegaer.   Om stillinga Som sjukepleiar ved Seimsdal sjukeheim vil du ha ansvar for sjukepleiefagleg oppfølging av bebuarane og bidra til at dei opplever tryggleik, meistring og god livskvalitet. Du arbeider personorientert og med fokus på brukarmedverknad, der bebuarane sine behov og ynskje står i sentrum. Stillinga omfattar journalføring og kommunikasjon med pasientar og pårørande i tråd med gjeldande rutinar og retningslinjer. Du vil også vera ein viktig bidragsytar til eit godt...
Nav
25/11/2026
Deltid
Helsesjukepleiar – 50% fast stilling
Nav Årdalstangen, Norway
Vil du vere med og gjere ein forskjell for born, ungdom og familiar i Årdal? Ved Helsestasjonen i Årdal kommune har me ledig 50 % fast stilling som helsesjukepleiar. Me søkjer deg som er engasjert i førebyggjande og helsefremjande arbeid, og som ynskjer ein variert arbeidskvardag med tett samarbeid på tvers av fagområde.   Ei viktig teneste for innbyggjarane våre Helsestasjonen i Årdal kommune omfattar helsestasjon for sped- og småborn, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom, jordmorteneste og vaksinering. Fysioterapeut for born og gravide og helsestasjonslege er tett knytte til tenesta. Du blir ein del av eit fagmiljø med 4,5 helsesjukepleiarstillingar som saman gir tenester til fem barnehagar, to grunnskular og den vidaregåande skulen i kommunen. Helsestasjonen er samlokalisert med legekontoret i Øvre Årdal, noko som legg til rette for godt samarbeid og korte vegar mellom tenestene. Hjå oss møter du kollegaer som er opptekne av fagleg kvalitet, utvikling og eit...
Nav
19/11/2026
Heltid
Helsefagarbeidar i 100% fast stilling – Grandane bufellesskap
Nav Årdalstangen, Norway
Ynskjer du ein jobb der du verkeleg kan utgjere ein forskjell i andre menneske sine liv?   Grandane bufellesskap søkjer ein engasjert og fagleg trygg helsefagarbeidar. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til gode tenester, har evne til å byggje trygge relasjonar og som kan stå støtt i situasjonar der åtferd kan vere utfordrande.   Arbeidet inneber tett oppfølging av personar med samansette behov. Nokre av tenestemottakarane kan i periodar vise åtferd som utfordrar, og det er viktig at du er trygg, tolmodig og evnar å stå i krevjande situasjonar over tid. Me søkjer difor medarbeidarar som kan møte sterke kjensleuttrykk med ro, respekt og fagleg refleksjon, og som er opptekne av å forstå kva åtferda uttrykkjer og kva behov som ligg bak.   Dette er ei stilling som gir moglegheit til å gjere ein stor forskjell for menneske som treng stabile, trygge og engasjerte medarbeidarar rundt seg. Arbeidet krev tolmod, fagleg nysgjerrigheit og evne til å halde fast ved gode relasjonar...
Nav
10/11/2026
Heltid
Kommunalsjef for teknisk, plan og miljø
Nav Årdalstangen, Norway
Vil du vere med og forme framtida i Årdal? Årdal kommune søkjer no ein engasjert og samlande kommunalsjef for teknisk, plan og miljø til ei 100% fast stilling. Me ser etter deg som er ein trygg og strategisk leiar – ein som ynskjer å bidra til utvikling, skape gode løysingar og byggje sterke fagmiljø i lag med dyktige medarbeidarar.   Ei nøkkelrolle i ei berekraftig utvikling I denne rolla blir du ein sentral del av kommunen si leiargruppe, tett på både strategi og gjennomføring. Du vil få ei nøkkelrolle i arbeidet med å utvikle Årdal vidare som ein berekraftig og framtidsretta kommune. Rolla gir deg høve til å påverke både retning og resultat, og til å arbeide i skjeringspunktet mellom politikk, forvaltning og samfunnsutvikling.   Ansvar og arbeidsområde Du vil få eit heilskapleg leiaransvar med ansvar for økonomi-, personal- og fagleg utvikling innan eit breitt og variert fagområde. Området omfattar mellom anna investeringsprosjekt, planarbeid, byggesak, drift og...
  • Hem
  • Kontakt
  • Om oss
  • Användarvillkor
  • NorgeGuiden
  • Arbetsgivare
  • Annonsera
  • Logga in
  • Referenser
  • Jobbsökare
  • Hitta jobb
  • Skapa profil
  • Logga in
  • Blogg
  • Facebook
  • Twitter
  • Instagram
  • LinkedIn
© Sedan 2008 - WorkNorway