WorkNorway
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge
  • Logga in
  • Registrera dig
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge

Modal title

10 jobb hittade i ølen

Filtrera sökning
Nav
25/11/2026
Heltid
Ønskjer du ein variert og innhaldsrik kvardag?
Nav Ølen, Norway
I Ølensjøen har me ledig 100% vikariat for pedagogisk medarbeidar frå 04.01.27 t.o.m. 16.07.27.  Vil du gjera ein forskjell i barn sitt liv? Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og me treng deg som vil væra med barna på denne reisa.  Her er din sjanse til å gi barn ein trygg, inkluderande og inspirerande kvardag i Ølensjøen. Du vil bli ein del av eit stort fellesskap kor me legg vekt på å lage gode dagar for barn og tilsette. I arbeidsmiljøet er delingskultur, involvering og arbeidsglede viktige element. Eit språkleg og kulturelt mangfald i barnegruppene gir barna eit unikt høve til å utvikle evne til å være respektfulle, vise omsorg og ha forståing for ulike perspektiv. Er du glad i å være ute og på tur? Det er me, og med FUS-bussen tilgjengeleg kan me komme oss på eventyr, både nært og fjernt. På kjøkkenet er me så heldige å ha vår eigen kokk, som stadig inspirerer smak- og luktesansen vår med velsmakande retter. Er du engasjert? Tek du...
Nav
25/11/2026
Heltid
Fostermor - fosterfar
Nav Ølen, Norway
Vi søker etter deg som liker barn og ungdom, som er trygg voksen. Du ønsker å gjøre forskjell for et barn/ ungdom. Vi søker deg som har rom og plass til et barn/ungdom, og du ønsker å jobbe i hjemmet.. Vi søker deg/dere. Denne jobben innebærer at du jobber i hjemmet. Hva vi ser etter Vi ser etter deg som er trygg voksen. Om du har egne barn, må fosterbarnet være den yngste i familien. Må ha sertifikat på bil. Ordnet boforhold, og plass til et barn. Har normal helse, og plettfri vandel. Må kunne kommunisere på norsk. Arbeidsoppgaver Du blir en foreldre som barnet kan være trygg på, arbeidet er i ditt hjem Matlaging Huslige aktiviteter Oppfølging med skole/ SFO Lekselesing Fritidsaktiviteter Samtaler og lek Vi tilbyr Lønn tilsvarende 100 % stilling Skattefri utgiftsdekning Bakvakt som du kan kontakte hele døgnet Oppfølging og veiledning Hyggelige samlinger
Nav
20/11/2026
Deltid
Vil du gjera ein forskjell når det verkeleg gjeld?
Nav Ølen, Norway
Me søkjer sjukepleiar til helgestilling. Stillinga er fast 20%, med arbeid kvar 3. helg, og nokon bevegelige heilagdagar. Ekstravakter vil også vera mogleg. Er du klar for å ta del i eit team der du er heilt avgjerande for tryggleiken og helsa til innbyggarane våre - akkurat når dei treng det mest? Me søkjer deg som ynskjer å kombinera faglege utfordringar med ei stilling som gir meining, meistring og moglegheiter. Kvifor arbeidet betyr noko: Når folk opplever noko akutt og uventa, er det ofte oss dei møter først. Di evne til å handle raskt, kommunisere klart og vise omsorg – kan vera avgjerande for korleis pasientar og pårørande opplever krisa dei står i. Hjå oss får du bruka både hovudet og hjartet – og kvar vakt utgjer ein skilnad. Kva får du med å jobbe hos oss? Du vil jobbe i eit engasjert team med både legar og sjukepleiarar der samspel og tillit er grunnlaget for kvardagen. Her får du høve til å utvikla deg vidare innan akuttmedisin og legevaktsarbeid,...
Nav
20/11/2026
Deltid
Vil du gjera ein forskjell når det verkeleg gjeld?
Nav Ølen, Norway
Er du klar for å ta del i eit team der du er heilt avgjerande for tryggleiken og helsa til innbyggarane våre - akkurat når dei treng det mest? Me søker deg som ønsker å kombinera faglege utfordringar med ei stilling som gir meining, meistring og moglegheiter. Da ein av våre tilsette skal ut i svangerskapspermisjon, søker me sjukepleiar til helgestilling i tidsrommet 18.01.2027 til 14.12.2027. Stillinga er 20 %, med arbeid kvar 3. helg, og nokon bevegelige heilagdagar. Ekstravakter vil også vera mogleg. Kvifor arbeidet betyr noko: Når folk opplever noko akutt og uventa, er det ofte oss dei møter først. Di evne til å handle raskt, kommunisere klart og vise omsorg kan vera avgjerande for korleis pasientar og pårørande opplever krisa dei står i. Hjå oss får du bruka både hovudet og hjartet, og kvar vakt utgjer ein skilnad. Kva får du med å jobbe hos oss? Du vil jobbe i eit engasjert team med både legar og sjukepleiarar der samspel og tillit er grunnlaget for...
Nav
19/11/2026
Deltid
Vil du vera med på tidleg innsats?
Nav Ølen, Norway
Vil du bidra til ein tryggare kvardag for personar med demens gjennom støtte og rettleiing til brukaren og deira pårørande? Vindafjord kommune søkjer ein engasjert medarbeidar til hukommelsesteamet i 40% stilling!  Hukommelsesteamet arbeidar for å gi personar med kognitiv svikt og demens, samt deira pårørande, støtte og oppfølging. Teamet bidreg til tidleg kartlegging, rettleiing og tiltak som kan fremja tryggleik og meistring i kvardagen.  Me er og eit lågterskeltilbod i kommunen.  Dette er ei stilling for deg som ynskjer å gjera ein forskjell gjennom tett samarbeid med innbyggjarar, pårørande og andre tenester. Hukommelsesteamet har i dag to medarbeidarar i 20% stilling. Med den nye medarbeidaren vil teamet arbeida over to dagar i veka. Medarbeidaren i 40% stilling vil arbeida begge dagane. Stillinga kan passa for deg som ynskjer ei meiningsfull oppgåve ved sida av anna arbeid. Du som ynskjer å gjera ein skilnad for dei som har ein kognitiv svikt - gi meistring og...
Nav
13/11/2026
Deltid
Spanande jobb med eldre på dagtid
Nav Ølen, Norway
Trivst du å vera saman med menneske og skapa gode opplevingar i kvardagen? Då kan dette vikariatet vera noko for deg! Me søkjer ein medarbeidar i 80 % stilling til dagaktivitetstilbodet vårt frå snarast til og med 31.08.27. Gjennom aktivitetar, måltid og sosialt fellesskap bidreg me til meistring og livskvalitet for brukarane våre. Dagaktivitetstilbodet er eit viktig førebyggjande og helsefremjande tilbod som kan hjelpa eldre å bu lengst mogleg i eigen heim.   Tilbodet er fordelt på to oppmøtestader: Ølen omsorgssenter Dagtilbod for eldre heimebuande fire dagar per veke. Vindafjordtunet Dagtilbod for personar med demenssvikt fire dagar per veke. Dagtilbod for eldre heimebuande to dagar per veke. Kva får du jobba med hos oss? Støtta, veileda og følgja opp brukarane gjennom dagen. Skapa tryggleik, trivsel og meiningsfulle dagar for brukerane.  Planlegga og gjennomføra aktivitetar tilpassa brukerane sine behov og etter funksjonsnivå. Tilretteleggja og deltaking i...
Nav
13/11/2026
Heltid
Likar du å kjøre samstundes som du gir gode helsetenester i heimen?
Nav Ølen, Norway
Me ser etter to dyktige, fleksible og engasjerte helsefagarbeidarar til to 80-100% fast stilling - ei stilling i indre sone og ei stilling i ytre sone. Som helsefagarbeidar i heimetenesta vil du vera ein viktig ressurs i andre sin kvardag og bidra til at våre brukarar opplev tryggleik, sjølvstende, omsorg og meistring i eigen heim, lengst mogleg.  Heimetenestene i Vindafjord kommune er delt i to; Indre og ytre sone. Indre sone har base ved Ølen omsorgssenter og dekker bygdane Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Imsland, Vikedal og Sandeid. Ytre sone har base på Vindafjordtunet og dekker bygdene Skjold, Vats og Vikebygd. I tillegg dekker ytre sone 30 omsorgsbustadar som ligg på Vindafjordtunet.  Gjerne skriv i søknaden kva sone du ynskjer!  Kva får du jobba med hos oss? Gi våre brukarar fagleg gode tenester. Helsefaglege oppgåver som: God pleie med medisinske observasjonar og målingar som News. Planlegga og utføra tiltak. Medikament handtering. Primærgruppearbeid og...
Nav
07/11/2026
Heltid
Ønskjer du ein variert og spanande kvardag?
Nav Ølen, Norway
Me søkjer to helsefagarbeidarar i stillingar på 80–100 prosent ved Ølen omsorgssenter på korttid/rehabiliteringsavdelinga. Hos oss møter du menneske med ulike behov og får bruka både fagkunnskapen og omsorga di. Arbeidsdagane er varierte, og saman med kollegaene dine bidreg du til gode tenester og trygg oppfølging. Om Ølen omsorgssenter Ølen omsorgssenter har ei somatisk langtidsavdeling med 15 plassar og ei korttids- og rehabiliteringsavdeling med 13 plassar. Me driv òg natteneste på institusjonen og nattpatrulje. Kvar avdeling har sin eigen avdelingsleiar, som du har tett kontakt med. På huset finn du heimeteneste, dagsenter for eldre, fysioterapi- og ergoterapiteneste og vaksinekontor. Me har tilsynslege to gonger i veka og eit eige produksjonskjøkken som lagar mat til bebuarane våre og heimebuande i Vindafjord kommune. Kvar avdeling har ein servicemedarbeidar som tek seg av praktiske oppgåver. Det gir deg som helsepersonell betre høve til å konsentrera deg om dei...
Nav
07/11/2026
Heltid
Vil du vere fastlege i Vindafjord?
Nav Ølen, Norway
Vi søkjer vikarar for fastlegar i fødselspermisjon ved Ølen legekontor og Vindafjord Legesenter i Vindafjord. Vi søkjer to legar med gjennomført LIS1, gjerne spesialistar i allmennmedisin, som ønskjer eit vikariat i eit organisert fagmiljø. Fastlegeheimlane har 950 pasientar kvar. Vikariata varer frå 04.01.2027 til 31.01.2028, med moglegheit for forlenging. Om legekontora Ølen legekontor ligg i Ølen og er eit kommunalt drive legekontor. Her arbeider sju fastlegar, ein LIS1-lege, helsesekretærar og ein sjukepleiar. Vindafjord Legesenter ligg i Isvik/Skjold og blir drive av SmartLegen. Her arbeider fem fastlegar, ein LIS1-lege, helsesekretærar og sjukepleiarar. Legekontora er velfungerande og har effektiv pasientflyt, breitt tverrfagleg samarbeid og gode moglegheiter for fagleg sparring. Praksisane er lagde til rette for høg kvalitet i det allmennmedisinske arbeidet. Arbeidsoppgåver Arbeid som fastlege med ansvar for eiga liste. Kommunale tilsynsoppgåver og eventuelt andre...
Nav
07/11/2026
Heltid
Soneleiar Heimetenesta indre sone
Nav Ølen, Norway
Gode heimetenester handlar om å skapa tryggleik for menneske som bur heime – og om å gi medarbeidarane gode rammer for å gjera ein viktig jobb. No søkjer Vindafjord kommune ein soneleiar som vil leia medarbeidarane og vera med på å utvikla tenestene i indre sone. Her får du kombinera leiing, fag og utviklingsarbeid, og du blir ein del av leiarteamet i heimetenesta.  Som soneleiar har du ansvar for dagleg drift, fag, personal og bidra til god økonomistyring. Du skal sikra forsvarlege tenester, leggja til rette for eit godt arbeidsmiljø og bidra til god bruk av ressursane. Me ser etter deg som er trygg og tydeleg, samarbeider godt og finn løysingar når behova endrar seg. Stillinga er på dagtid, fast og i 100 %. Med ansvar for både heimetenesta og praktisk bistand i indre sone. Om oss Indre sone er ei av to soner i heimetenesta i Vindafjord kommnune. Indre sone gir heimetenester til innbyggjarar i Bjoa, Ølensvåg, Ølen, Sandeid, Vikedal og Imsland. Du får leia fleksible...
  • Hem
  • Kontakt
  • Om oss
  • Användarvillkor
  • NorgeGuiden
  • Arbetsgivare
  • Annonsera
  • Logga in
  • Referenser
  • Jobbsökare
  • Hitta jobb
  • Skapa profil
  • Logga in
  • Blogg
  • Facebook
  • Twitter
  • Instagram
  • LinkedIn
© Sedan 2008 - WorkNorway