Nav
Øystese, Norway
Eg er ein mann på 36 år som har eit sterkt ynskje om å leva eit aktivt liv, og for å få til det treng eg stødige assistentar med eit godt hovud. Sjølv jobbar eg fullt, trenar, er sosial, nyt båtliv på godvêrsdagar, set pris på god mat, musikk og bøker, har diverse frivillige verv, huseigar og har forpliktingar der etter, glad i tur og reiser, med meir. Orsaka til at eg treng assistentar at eg sit i rullestol, etter ei ulukke då eg var 16 år. Hjå ein assistent søker eg etter personar som: Er stabile og til å stola på Er tolmodige og lærevillige Kommuniserer godt og er stødige i norsk Har ordenssans og er observante Er allsidige Arbeidsoppgåver, eksempel: Matlaging, handel, tilrettelegging for kvardagen min, sosiale tilstellingar, med meir Kvardagslege oppgåver eg ikkje klarar sjølv Vedlikehald av hus, rullestol, bil, båt, hjelpemiddel Trening Reiser innanlands etter avtale – opplæring blir gitt. Eg og assistentordninga tilbyr: Ein jobb litt utanom...