Nav
Aukra, Norway
Bli med og skap dei gode møteplassane for ungdom i Aukra. Nokre timar i veka kan bety mykje for ein ungdom. I Aukra kommune arbeider vi for at alle ungdommar skal ha ein plass å høyre til. På våre møteplassar skal ungdom kjenne seg velkomne, få nye vennskap, oppleve meistring og bli møtt av trygge vaksne som ser dei. No søkjer vi ein miljøarbeidar i 20 % stilling som vil vere med på dette viktige arbeidet. Dette er ikkje berre ein deltidsjobb. Det er ei moglegheit til å vere med og skape dei gode opplevingane, samtalane og fellesskapa som kan bety ein forskjell i ungdomstida. Gjennom ungdomsklubb, aktivitetar og møteplassar får du vere ein viktig vaksenperson som lyttar, støttar og bidreg til at ungdom kjenner seg inkluderte og verdsette. Du blir del av eit engasjert team som kvar veke jobbar for å skape trivsel, tilhøyrsel og gode opplevingar for ungdom i Aukra. Om stillinga Som miljøarbeidar vil du vere med å utvikle og gjennomføre aktivitetar på møteplass for ungdom...