Nav
Bøvågen, Norway
Om stillinga Det blir ledig mellombels undervisningsstilling ved Hordabø skule i Alver kommune frå snarast og fram til 31.12.2026 - Stillinga kan bli forlenga. Du kan lese meir om skulen her. Om Hordabø skule Hordabø skule ligg i Bøvågen, nord på Radøy. Me har i dag rundt 125 elevar og 25 tilsette. Me har gode uteområde som legg til rette for læring gjennom leik og aktivitet. Skulen har fokus på å skape eit trygt og godt skulemiljø for alle elevar. I tillegg til læringsmiljøarbeidet er språk, lesing og skriving eitt av våre satsingsområde. Hordabø skule er nærskule til Radøytunet mottakssenter, me har difor elevar frå mange ulike nasjonalitetar. Dette gjev eit rikt og mangfaldig skulemiljø der me legg vekt på inkludering, respekt og fellesskap. Arbeidsoppgåver planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar systematisk samarbeid med kollegaer og leiing om elevane si læring og utvikling aktiv deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid skape...