Nav
Bjorøyhavn, Bjorøyna, Norway
Om avdelinga: Bjorøy er ei flott øy som ligg utanfor Håkonshella, som ein enkelt kjem til med den undersjøiske tunellen. Skulen ligg i flott natur og den nyttar SFO seg mykje av. Vi er ein liten skule, så her jobbar alle tett saman for å gi elevane våre gode dagar frå dei kjem til dei går heim. Stillinga vi har ledig er måndag til fredag mellom kl. 13.00 og 16.00. På vår SFO går det 53 barn, vi driv også med ferie-SFO i haustferien, vinterferien og 3 veker av sommarferien. SFO jobbar etter den nasjonale rammeplanen for SFO, men likar å ha fokus på det som er spesielt for oss her på Bjorøy. Dette er ein del av årsplanen vi har. Eit av fokusområda våre er at elevane våre er delaktige i kva dei vil gjere av ulike aktivitetar på skulen. Hjå våre fagarbeidarar er det høg kompetanse, sjølvstendigheit og engasjement, ein har stort fokus på å gi barna fine og aktive dagar. Ein har delt elevgruppa i to, 1. og 2.trinn og 3. og 4. trinn. Skulen har ein glidande overgang mellom tida elevane...