Nav
Brattvåg, Norway
Vi søker ein motivert og engasjert lærar som har lyst til å gjere ein forskjell for elevane våre og vere ein del av våre flotte tilsette, og som kan vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø for alle elevane. Stillinga er eit vikariat skuleåret 2026-2027. Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har 200 elevar med mange ulike nasjonalitetar. Skulen har innført leik og læring for dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen. Skulen er sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna og vi er med på satsinga BRY DEG i lag med Læringsmiljøsenteret i Stavanger. I kommunalområde...