Habiliteringstenesta
Bremnes, Norway
Er du vernepleiar eller sjukepleiar og har ein genuin interesse for å vera til hjelp i kvardagen til andre? Kan du i tillegg brilijera med arbeidserfaring innanfor habilitering? Då ynskjer me at du søkjer stilling hjå oss! Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gjev tilbod til personar med utviklingshemming og behov for omfattande og langvarige tenester. Me utgjer omlag 126 årsverk som yt heildøgns tenester til 45 personar i 10 bufellesskap/burettslag, samt dagtilbod. Me har behov for positive og fleksible medarbeidarar. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver Yta praktisk bistand og rettleiing i dei daglege gjeremåla og leggje til rette for god omsorg og utvikling for den einskilde tenestemottakar. Ansvarleg for kartlegging, tiltaksplanar, vedtak, journalføring og dokumentasjon i profil. Medikamenthandtering. Oppfyljing og rettleiing vedrørande Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 og Pasient- og brukerrettighetslova kap. 4. I samarbeid med avdelingsleiar koordinera...