Oppvekst, Bygland Kommune
Bygland, Norway
Har du lyst å bli med og forme skular som verkeleg blir satsa på? I så fall har du sjansen no! Byglandsskulane har stort fokus på utandørs læring og aktivitetar; her blir både fjord og fjell nytta fullt ut. Andre stikkord er høg kompetanse på dysleksi; lesing og skriving og ikkje minst inkluderande undervising er også høgt prioritert. Som ein del av lærarlaget får du høve til å både jobbe sjølvstendig og saman med andre. Dei tilsette arbeider stort sett i team fordelt på barneskulen, mellomtrinnet og ungdomsskulen. Bygland skule (1. – 10. klasse) har nesten 80 elevar, og Byglandsfjord skule (1. – 7. klasse) har over 42 elevar. Ved begge skulane er det moderne fasilitetar med storbrukshall. Det overordna målet vårt er at både elevane og dei tilsette skal ha meiningsfull dagar, der kvar enkelt er ein viktig del av fellesskapet. Byglandsskulane har eit godt arbeidsmiljø, og no kan du bli med på dette laget. For skuleåret 25/26, har me no desse ledige stillingane: Byglandsfjord...