Nav
Dalen, Norway
Me søkjer etter 1-2 trygge, omsorgsfulle og ansvarsbevisste assistentar til arbeid i privat heim hjå ein ung person. Stillinga er eit vikariat på 10-20% frå 4. januar 2027-15. september 2027. Tidlegare oppstart er mogleg. Arbeidstida er for tida hovudsakleg på ettermiddag 2 dagar i veka. Stillinga passar både for deg med helsefagleg bakgrunn og for deg som har relevant erfaring eller interesse for omsorgsarbeid.
Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene går i hovudsak ut på å bidra til ein trygg og føreseieleg kvardag i heimen. Dette inneber mellom anna: Tilsyn og praktisk støtte i kvardagen Delta i daglege aktivitetar og legge til rette for meistring Skape ro, tryggleik og struktur Kvalifikasjonar Ynskjeleg med helsefagleg bakgrunn, men ikkje eit krav. Erfaring frå arbeid med barn og ungdom med særskilde behov er ynskjeleg. Vi legg stor vekt på relevant erfaring. Det blir vektlagt at ein er eigna for stillinga. Personlege eigenskapar Er roleg, påliteleg og trygg i...