Nav
Degnepoll, Norway
Vil du gjere ein forskjell kvar dag? Bli ein del av laget på Kulatoppen omsorgssenter! Her finn du fagleg utvikling, godt samarbeid, variert arbeid og kollegaer som bryr seg om både brukarane og kvarandre. No har vi ledige faste stillingar, vikariat og helgestillingar. Kanskje er dette din neste arbeidsplass? På Kulatoppen omsorgssenter møter du eit moderne og framtidsretta fagmiljø i heilt nye og renoverte lokale. Vi har 51 institusjonsplassar og 40 heildøgnsbemanna omsorgsbustader fordelt på 11 avdelingar. Med vår nye fløy og omfattande oppgradering framstår Kulatoppen som eit lyst, funksjonelt og profesjonelt omsorgssenter – til beste for både bebuarar og tilsette. Vi tilbyr eit breitt og variert pasienttilbod, med eiga korttids- og rehabiliteringsavdeling. Her finn du blant anna eige rehabiliteringskjøkken og takheiser på dei fleste pasientrom. Vi ligg i front på bruk av velferdsteknologi og har løysingar som Imatis samhandlingstavle, digitale arbeidslister og...