Nav
Flatraket, Norway
Flatraket barnehage har ledig stillling som barne- og ungdomsarbeidar: 60 % fast stilling, samt 40 % vikariat t.o.m. 14.08.2027. Oppstart snarast råd. Barnehagen ligg sentralt på Flatraket med gangavstand til skule, butikk, industri, gard, fotballbane og ein nydeleg natur med både skog og fjøre. Vi har og ein eigen liten grønsakshage ved siden av barnehagen. Barnehagen har eit nært samarbeid med skulen, særskilt siste året før barnet byrjar på skulen. Det er 14 born og 6 tilsette i barnehagen. Målet vårt er å saman med foreldra gi barna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.
Arbeidsoppgåver Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø Dagleg oppfølging av barna Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for barna Delta og bidra i samarbeid med kollegaer og føresette Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar Ufaglærte med praksis og motivasjon til å ta fagbrev kan bli...