Herøy kyrkjelege fellesråd, Kirkejobb
Fosnavåg, Norway
Er du engasjert i barn og ungdom og synest det er viktig å formidle den kristne trua til nye generasjonar? Vil du vere med å utvikle barne- og ungdomsarbeidet og bygge kyrkjelyd? Vi ønsker oss ein medarbeidar som kan vere med å vidareutvikle dei tiltaka vi har og som kan sjå potensialet og dei moglegheitene den flotte arbeidskyrkja vår gjev oss. Herøy er ei kystkommune lengst sør i Møre og Romdal med oppunder 9000 innbyggjarar. Øykommunen vår er bunden saman av bruer og kommunesenteret er kystbyen Fosnavåg. Øya Herøy er ein av nøkkelstadane på Kystpilgrimsleia. Kyrkja er med i nøkkelstadgruppa, og er aktiv med i pilegrimsarbeidet. Vi er landfast til flyplass i Ørsta/Volda og har god kommunikasjon til både Bergen, Oslo og Trondheim. Det tek om lag 75 minutt å reise til Ålesund. Kommunen har ein variert natur med kort veg til sjø og fjell. Sunnmørsalpane og fjordlandskapet i indre del av Sunnmøre er berre ein liten time unna. Der er det også mange moglegheiter for rekreasjon og...