Nav
Fotlandsvåg, Norway
Om stillinga Vil du være med å bidra til lærelyst og meistring for framtida? Om du er opptatt av barn og unge, og likar å gjer ein positiv forskjell vil vi gjerne ha deg med på laget. På Fotlandsvåg skule har vi ledig ein fast stilling i 43% og eit vikariat i 47% frå 15.08.25 - 31.10.25. Det vil kunne vere mogleg å kombinere desse to stillingane, og vikariatet kan bli forlenga. Vi er på utkikk etter ein kompetent og engasjert medarbeidar, som ikkje minst kan vere ei trygg hamn for dei flotte barna som går på skulen vår! Stillinga omfattar arbeid både på skule og i SFO. Fotlandsvåg skule ligg midt i vakre Fotlandsvåg som er nordvest på Osterøy. Skulen ligg omtrent vegg i vegg med barnehagen som skapar eit trygt, stabilt og ikkje minst kjent miljø for elevane våre. Skulen er ein 1-7. skule med om lag 50 elevar, og skulen vår er fådelt. Vi har eit skikkelig flott uteområde med kunsgrasbane og mellom anna ei heilt ny friidrettsbane! I lag med oss vil du bli ein del av et team med...