Nav
Gjerdsvika, Norway
Eg er ein aktiv og sosial 18-åring som likar gaming, manga og å vere i aktivitet. No ser eg etter ein tilkallingsassistent som vil vere med meg i kvardagen og på fritida. Eg likar å ha ein variert kvardag, og aktivitetane kan vere mange. Vi kan til dømes dra i gymsalen, på fjelltur, på treningssenteret eller ein tur til sjøen. Innimellom reiser eg også rundt i Noreg – og kanskje litt lengre – så det er ein fordel om du likar variasjon og synest det er kjekt å vere med på ulike opplevingar. Eg går sjølv og brukar armane mine, så di viktigaste oppgåve blir å vere ein god støttespelar og hjelpe til slik at aktivitetane mine kan gjennomførast på ein trygg og god måte. Eg tilbyr: God opplæring frå arbeidsleiar (mor) og kurs gjennom Prima Assistanse. Eit trygt og stabilt arbeidsmiljø. Moglegheit til å vere med på reiser og opplevingar. Gode lønns- og arbeidsvilkår etter avtale Eit inkluderende og hyggelig arbeidsmiljø Eg ser etter deg som: Er trygg, stabil og til stades....