WorkNorway
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge
  • Logga in
  • Registrera dig
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge

Modal title

16 jobb hittade i hjelset

Filtrera sökning
Nav
27/11/2026
Deltid
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Nav Hjelset, Norway
Vi har no ledig 80% fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiar, p.t. på natt frå 01.03.27 Vi ønskjer oss ein positiv og fagleg dyktige person som ønskjer å bidra til at vi saman skal kunne tilby pasientane våre den beste behandlinga når dei kjem til oss. Som ein del av spesialisthelsetenesta verdset vi kompetanse og fagleg dyktigheit. Vi ønskjer oss ein kollega som er personleg eigna til å jobbe med vår pasientgruppe. Som eit tverrfagleg team ønskjer vi å tilby pasientane våre eit behandlingstilbod som er i tråd med våre kjerneverdiar; tryggleik, kvalitet og respekt. Dersom du kjenner deg igjen i skildringa over, så håper vi at du sender oss ein søknad! Arbeidsoppgåver Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer Følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak Obligatorisk kursing og trening i MAP  Delta aktivt i seksjonen si utvikling Legemiddelhandtering Stillinga...
Nav
26/11/2026
Heltid
Oralkirurg
Nav Hjelset, Norway
Bli med på laget som oralkirurg ved ØNH og kjevekirurgi SNR! Vil du arbeide i eit moderne sjukehus med høg fagleg kompetanse, godt tverrfagleg samarbeid og stor påverknad på eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg. ØNH og kjevekirurgi ved SNR har ledig vikariat for oralkirurg i 50–100 % stilling frå 4. januar 2027 til 17. oktober 2027. Arbeidsstaden er det nye, toppmoderne sjukehuset på Hjelset. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med tett samarbeid mellom kjevekirurgi og øyre-, nase- og halsfaget. Vi legg til rette for god pasientbehandling gjennom nært samarbeid, korte beslutningsvegar og høg fagleg kvalitet. Stillinga er organisert med arbeid på dagtid utan vaktordning, noko som gir gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid. Vi er opptekne av fleksibilitet og vil så langt det er mogleg leggje til rette for arbeidstid, pendling og bustadløysingar. Arbeidsoppgåver * Hovedsak poliklinisk/dagkirurgisk aktivitet * Det...
Nav
21/11/2026
Heltid
Helsefagarbeidar
Nav Hjelset, Norway
Vil du vere med å utvikle framtidas polikliniske tenester? Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar til prosjektstillinga «Rett kompetanse – betre pasientflyt». Prosjektet er eit samarbeid mellom Medisinsk poliklinikk og Kreftpoliklinikken ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Stillinga gjeld for perioden 01.01.2027–31.08.2027. Målet med prosjektet er å styrkje pasientflyten, sikre rett bruk av kompetanse og utvikle meir effektive arbeidsprosessar på tvers av poliklinikkane. Som helsefagarbeidar vil du få ei sentral rolle i utprøving av nye arbeidsformer og arbeidsoppgåver. Du vil bidra til god koordinering av pasientforløp og vere ein aktiv deltakar i utviklings- og forbetringsarbeid. Stillinga passar for deg som er fagleg engasjert, trivst med samarbeid på tvers av fagmiljø og ønskjer å vere med på å forme framtidas helsetenester. Vi ser etter deg som er fleksibel, løysingsorientert og motivert for endrings- og forbetringsarbeid til beste for pasientane. Hos...
Nav
21/11/2026
Deltid
Smittevernlege
Nav Hjelset, Norway
Smittevern er eit viktig satsingsområde i Helse Møre og Romsdal. Vi søkjer ein lege som ønskjer å bidra til eit trygt, kunnskapsbasert og framtidsretta smittevernarbeid i føretaket. Smittevernarbeidet i Helse Møre og Romsdal er organisert som ei føretaksdekkjande teneste i fagavdelinga. Stillinga er organisatorisk plassert i Seksjon for helsetenesteutvikling, med fagleg rapportering direkte til fagdirektøren i smittevernfaglege spørsmål. Stillinga har ikkje personalansvar, men har ei sentral medisinskfagleg rolle i smittevernarbeidet og inneber tett samarbeid med smittevernrådgivarane og andre relevante fagmiljø i føretaket. Smittevernpersonalet består av fem rådgivarar i til saman 4,5 årsverk, lokaliserte ved sjukehusa våre. Rådgivarane arbeider mellom anna med infeksjonsførebygging, utbrotshandtering og andre smittevernfaglege spørsmål. Stillinga utgjer til saman 60 prosent. Vi er opne for ei fleksibel organisering der stillinga kan fyllast av éin lege eller delast mellom to...
Nav
21/11/2026
Heltid
Sjukepleiar
Nav Hjelset, Norway
Vil du vere med på å forme framtida si akutteneste? Ønsker du å bruke heile bredda av kompetansen din? Vi søker nå etter engasjert sjukepleiar som vil vere med oss vidare - på eit heilt nytt akuttsjukehus! Akutt 24 er eit nytt konsept på SNR, der fagleghet, pasienttrygghet og tverrfagleg samarbeid står i sentrum. Målsettinga med akutt24 er gode og effektive pasientforløp der pasientane raskt diagnostiserast, behandlast og utskrivast uten innleggelse i ordinær sengepost. Seksjonen vil vere eit hurtigsjukehus i sjukehuset. Vi har i hovedsak øyeblikkelig hjelp behandling, men har også enkelte elektive pasientforløp. Seksjonen har totalt 19 pasientsenger, og har både medisinske og kirurgiske pasientar. Vi har pasientar innanfor følgjande fagområder: Kardiologi Indremedisin Nevrologi Kirurgi ØNH Ortopedi Gynekologi Øye Hos oss vil du ha moglegheit til å komme med innspill til eigen turnus. Vi har arbeidshelg med langvakter kvar 4. helg. Vi har eit godt arbeidsmiljø, og du...
Nav
21/11/2026
Heltid
Ferievikar 2027 - Vikar for LIS 1/ medisinstudent med lisens
Nav Hjelset, Norway
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast. Vi har behov for ferievikar for LIS 1/medisinstudent med lisens i perioden f.o.m veke 25 t.o.m veke 33. Det vil vere behov ved ulike seksjonar ved SNR Hjelset og i Molde: Akuttpsykiatri SNR Sikkerhetspsykiatri SNR Psykosebehandling SNR Allmenn- og Alderspsykiatri SNR Poliklinikk psykis helse DPS Molde Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønsker å arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og...
Nav
21/11/2026
Deltid
Sjukehusprest/sjukehusdiakon/ tru- og livssynssamtalepartnar
Nav Hjelset, Norway
Helse Møre og Romsdal HF har ledig ei fast 80% stilling i preste- og samtaletenesta ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset! Vi søkjer ein medarbeidar med relevant utdanning, erfaring og kompetanse innan samtalar om tru, livssyn og eksistensielle spørsmål. Stillinga er open for søkjarar med ulik fagleg bakgrunn, og vi ønskjer særleg kompetanse innan å møte menneske i krevjande livssituasjonar, uavhengig av deira tru eller livssyn. Stillinga omfattar arbeid ved SNR Hjelset, i tillegg til psykisk helsevern og rustenestene i området. Preste- og samtaletenesta er ei livssynsopen teneste som tilbyr samtalar og støtte til pasientar, pårørande og ansatte, uavhengig av religion, tru eller livssyn. Tenesta skal vere ein trygg samtalepartnar i møte med sjukdom, kriser, sorg og andre eksistensielle utfordringar. Tenesta har i dag fire sjukehusprestar og éin sjukehusdiakon, som til saman utgjer 3 årsverk i Helse Møre og Romsdal. Av desse er 1,2 årsverk sette av til å dekkje...
Nav
20/11/2026
Heltid
Ingeniør/tekniker medisinsk teknologi
Nav Hjelset, Norway
Seksjon for Medisinsk teknologi SNR har ledig ei spanande stilling som ingeniør/teknikar for medisinsk-tekniske utstyret ved eit av landets nyaste og mest moderne sjukehus. Seksjonen er organisert i stabsavdelinga for E-helse og teknologi, saman med IKT og innovasjon. Verdiane våre er «Kvalitet, tryggleik og respekt», og slagordet vårt er «Nær, smidig og kompetent». Medisinsk teknologi SNR har i dag 11 tilsette og forvaltar alt elektromedisinsk og anna medisinsk-teknisk utstyr (MTU) ved SNR Hjelset, SNR Kristiansund og tilhøyrande institusjonar. Stillinga har oppmøtestad ved SNR Hjelset. Hos oss får du arbeide i eit toppmoderne sjukehus med eit breitt spekter av avansert medisinsk-teknisk utstyr. Du blir ein del av eit kompetent fagmiljø som bidreg til trygg og effektiv pasientbehandling gjennom drift, utvikling og forvaltning av teknologi i kontinuerleg utvikling. Dette er ei unik moglegheit til å jobbe med nye løysingar og teknologi som spelar ei sentral rolle i framtidas...
Nav
18/11/2026
Heltid
Ferievikar 2027 - Sjukepleiar, barnepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.
Nav Hjelset, Norway
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast. SNR Hjelset treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2027. Vi treng sjukepleiarar, barnepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar, assistentar og studentar innan sjukepleie og medisin. Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 35: Sengepost Nevrologi og ortogeriatri SNR Sengepost Medisin 1 SNR (hematologi, kreft og palliasjon) Sengepost Medisin 2 SNR (gastro, indremedisin og lunge) Sengepost Medisin 3 SNR (infeksjon, geriatri og hjerte) Sengepost Kirurgi 1 SNR Sengepost Kirurgi 2 SNR Dagkirurgi SNR Dialyse SNR Akutt 24 SNR Føde og barsel SNR Akuttmottak SNR Informasjon til søkjaren: Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vil du bli fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss...
Nav
18/11/2026
Heltid
Ferievikar 2027 - Helsesekretær/ sekretær
Nav Hjelset, Norway
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande.  Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast! Seksjon for Medisinsk logistikk og kontor SNR treng ferievikarar i perioden 21.06.27 tom 22.08.27. Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vil du bli fordelt etter seksjonane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.  Kvalifikasjonar Relevant erfaring Gode datakunnskapar Må beherske norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er engasjert, fleksibel og har godt humør Du er serviceinnstilt til pasientar,...
Nav
18/11/2026
Heltid
Ferievikar 2027 - Vikar for LIS / medisinstudent med lisens
Nav Hjelset, Norway
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast. Det vil vere behov ved desse seksjonane: Kirurgiske legar Ortopediske leger  Vi har behov for vikar for LIS1/ medisinstudent med lisens. Ortopediske leger har også behov for vikar for LIS3. Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønsker å arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege,...
Nav
18/11/2026
Heltid
Ferievikar 2027 - Radiograf/ radiografstudent
Nav Hjelset, Norway
Vil DU i vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast. Avdeling for Radiologi SNR har behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 23 t.o.m. veke 40. Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vil du bli fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som radiograf 2. eller 3. års radiografstudentar Må beherske norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er engasjert, fleksibel og har godt humør Du ønskjer å bidra...
Nav
18/11/2026
Heltid
Ferievikar 2027 - Bioingeniør/ bioingeniørstudentar
Nav Hjelset, Norway
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande.Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast! Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank SNR og Avdeling for medisinsk mikrobiologi SNR har behov for ferievikarar f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 34. Vi treng bioingeniørar, bioingeniørstudentar og laboratorieingeniør. Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vil du bli fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. I søknaden må det kome fram kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Det kan påreknast to til tre veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastast opp som vedlegg til din CV. Kvalifikasjonar Bioingeniør med norsk autorisasjon Laboratorieingeniør...
Nav
18/11/2026
Heltid
Ferievikar 2027 - Sjukepleiar, sjukepleiarstudent, vernepleiar m.m.
Nav Hjelset, Norway
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast. Avdeling for sjukehuspsykiatri SNR har behov for ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2027. Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og studentar innan sjukepleie, vernepleie eller andre helse- og sosialfaglege utdanningar. Det er behov i perioden f.o.m. veke 23 t.o.m. veke 33. Det er behov ved følgande seksjonar: Psykosebehandling SNR Allmenn- og alderspsykiatri SNR Akuttpsykiatri SNR Sikkerhetspsykiatri SNR Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. I søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Du må rekne med å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til...
Nav
17/11/2026
Heltid
Overlege innan psykiatri
Nav Hjelset, Norway
Vi har no ledig stilling for overlege innan psykiatri. Som ein av våre overlegar i avdelinga blir du ein del av eit større behandlingsteam. Vi ønskjer oss deg som er interessert i fagfeltet alderspsykiatri og allmennpsykiatri. Seksjonen vår består av eit døgntilbod med 9 døgnplasser og poliklinikk.  Deler av stillinga vil vere tilknytta Alderspsykiatrisk poliklinikk, med både ambulant og stasjonær virksomhet. Vi har eit aktivt fagmiljø. Avdelinga har legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5. års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning, rettleiing og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldingar på at vi har eit godt arbeidsmiljø og er ein hyggeleg stad å jobbe.  Vi har eit godt samarbeid med primærhelsetenesta.  Avdelinga vår har ansvar for 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal, og er lokalisert i moderne lokaler i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sjukehuset ligg omlag 20 km frå Molde...
Nav
11/11/2026
Deltid
Tilkallingsvikarer
Nav Hjelset, Norway
Ønskjer du ein meiningsfull ekstrajobb? Vi søkjer no etter engasjerte og pålitelege tilkallingsvikarar til sengeposten vår. Sengepost Medisin 2 ved SNR omfattar fagområda lungemedisin, indremedisin og fordøyingssjukdommar. Hos oss møter du pasientar med ulike og samansette behov, og får vere med på å gi heilskapleg behandling, pleie og omsorg i eit tverrfagleg miljø. Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt team som er oppteke av samarbeid, kvalitet og kompetanseutvikling. Som tilkallingsvikar får du god opplæring og tett oppfølging frå erfarne kollegaer, slik at du kan kjenne deg trygg i rolla. Arbeidskvardagen er variert, og du får høve til både fagleg og personleg utvikling. Arbeidsmiljøet vårt er prega av respekt, samarbeid og engasjement, og vi ønskjer å skape ein arbeidsplass der alle kjenner seg verdsette og inkluderte. Høyrast dette spennande ut? Send oss ein søknad og bli med på laget! Sjekk instagram @medisin2.snr for eit innblikk i...
  • Hem
  • Kontakt
  • Om oss
  • Användarvillkor
  • NorgeGuiden
  • Arbetsgivare
  • Annonsera
  • Logga in
  • Referenser
  • Jobbsökare
  • Hitta jobb
  • Skapa profil
  • Logga in
  • Blogg
  • Facebook
  • Twitter
  • Instagram
  • LinkedIn
© Sedan 2008 - WorkNorway