Nav
Hovdebygda, Norway
Om stillinga Vil du leie medarbeidarar som kvar dag bidreg til auka trafikktryggleik? Som kontorsjef får du ei sentral rolle i leiinga av trafikant- og førarprøveområdet på Vestlandet. Eininga har ansvar for førarprøver, trafikktryggleiksarbeid og andre publikumsretta oppgåver. Du får personal-, økonomi-, mål - og resultatansvar for medarbeidarar på seks lokasjonar. Du følgjer opp fag, kvalitet og ressursbruk, og arbeider tett med både medarbeidarar og kundar. Stillinga inngår i leiargruppa til seksjonen og inneber noko reiseverksemd. Du rapporterer til seksjonssjefen. Kontorstad er ved trafikkstasjonen i Førde, Sogndal, Ørsta, Ålesund, Nordfjordeid eller Stord. Arbeidsoppgåver Vi ser etter ein leiar som skaper eit godt arbeidsmiljø og utviklar kundeorienterte tenester. Du blir motivert av samfunnsoppdraget vårt og vil bidra til nullvisjonen om ingen drepne eller hardt skadde i trafikken. Du skal: leie, følgje opp og utvikle medarbeidarane og bidra til eit trygt og...