Nav
Jondal, Norway
Ledig 100% fast stilling som lærar ved Jondal skule, fom 1.1.2027 Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 127 elevar, og rundt 30 tilsette i alle aldrar. Me ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til barnehage og kulturskule. Skule, SFO og kulturskule er nyleg rehabilitert og delvis bygd nytt, med mange flotte fasilitetar. Me søkjer etter lærar for mellomsteget. Kvalifikasjonar: godkjent undervisningskompetanse for mellomsteget erfaring som lærar og gjerne kontaktlærar gode digitale ferdigheiter gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (B2) personlege eigenskapar vil bli vektlagt Personlege eigenskapar: er ein god klasseleiar har god relasjonskompetanse har god formidlingsevne samarbeidar godt i lærande fellesskap er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål er løysingsorientert og fleksibel Me tilbyr: eit godt arbeidsmiljø eit godt pedagogisk utviklingsmiljø...