Nav
Kolltveit, Norway
Knappskog skule har ledig ei 100 % fast stilling som SFO-leiar frå 12. oktober 2026. Stillinga er delt mellom leiing og arbeid med elevane på SFO. Vi søkjer ein tydeleg og engasjert SFO-leiar som vil bidra aktivt i utviklinga av skulen – både fagleg og organisatorisk. Som SFO-leiar vil du mellom anna: følgja opp og driva SFO i det daglege utvikla SFO i tråd med nasjonal rammeplan leda pedagogisk utviklingsarbeid og bidra i utviklinga av heile skulen delta i det daglege arbeidet i SFO som del av grunnbemanninga, også i feriar rettleia tilsette og lærlingar vera synleg og til stades, og ha tett dialog med barn, føresette og kollegaer bidra aktivt i leiarteamet, i administrasjonsgruppa og i BTI-teamet (Betre tverrfagleg innsats) følgja opp tilsette i samarbeid med rektor følgja opp budsjettet i samarbeid med rektor Kvalifikasjonar Må-krav godkjend pedagogisk utdanning (lærar eller barnehagelærar) evne til å handtera travle dagar og periodar med høgt...