Nav
Kvernaland, Norway
Kvernaland barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.09.2026. I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det. Kvernaland barnehage er ein kommunal barnehage som sto ny i 2011. Fleire av personalet har vært med frå byrjinga og har vore med på å forme barnehagen heilt frå starten av. Me har ein barnehage som bidreg til trivsel og glede i leik og læring. Miljøet innbyr til fysisk utfolding, ein god og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen har areal og utstyr til leik og varierte aktivitetar som fremmar bevegelsesglede, gjer allsidig bevegelseserfaring, sanseerfaring og moglegheit til å læra og meistra. Me har lagt vekt på ein god veksling mellom leik, læring, konsentrasjon, utfolding og kvile. Miljøet er utforma slik at alle barn får gode moglegheiter til å delta aktivt i leik og andre aktivitetar. Det er teke høgde for...