Sogndal kommune Nybø barnehage
Leikanger, Norway
Nybø barnehage ligg flott plassert ved Sognefjorden på Leikanger i Sogndal kommune, 20 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode bussamband mellom Sogndal sentrum og Leikanger. Leikanger er administrasjonssenter i Sogndal kommune. Me søker med dette etter ein fagleg og engasjert barne- og ungdomsarbeidar / assistent, som er relasjonssterk og inkluderande til ein velfungerande barnehage. Nybø barnehage har dette barnehageåret 49 barn fordelt på 3 avdelingar. Nybø barnehage har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden. Begge bygga er flotte bygg frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljø Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar ved fjorden. Nærleik til flott natur med skog og mark, sentrum, idrettshall og andre funksjonar. Barnehagen har 15 tilsette med høg kompetanse, og god miks i alder av tilsette. Leiinga består av styrar og assisterande styrar Fagarbeidar/assistent, 100% fast frå 19.mai 2025....