Nav
Longva, Norway
Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i fast stilling på 91,11%, for tida knytt til Nordøyane heimeteneste og Nordøyane dagsenter. Dette er ei stilling for deg som trivst med varierte arbeidsoppgåver. Om lag 20 % av stillinga er ved dagsenteret, medan resten av stillinga er knytt til heimetenesta. Stillinga inngår i turnusordning og omfattar for tida arbeid på dag og kveld, samt nattevakter kvar tredje helg. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss...