Nav
Lyefjell, Norway
Vestly idrettsbarnehage har ledig fast 40% stilling til barnehagelærarstudent med snarast mogleg oppstart. Me ynskjer ein student som er ferdig med fyrste året og som har erfaring frå stor barnehage. I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det. Vestly idrettsbarnehage er ein 10-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter som ligg midt mellom Bryne og Lye. Me er den største barnehagen på Jæren med ein kapasitet til 180 barn, som likevel gjev tryggleik og mestring til alle barna her. Barnehagen er ein stor moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom, gymsal, eiga personalavdeling og uteområde som kan delast i 3. Me har eigen minibuss som vert nytta kvar dag til ulike destinasjonar for barn over 3 år, samt elsyklar som vert nytta til turar i nærområdet. Me har eigen kokk som lagar varm lunsj, samt havregrynsgrøt til frukost og...