Nav
Rysstad, Norway
Setesdalsmuseet er ei avdeling i Aust-Agder museum og arkiv. No søkjer vi ein strukturert, ansvarsfull og løysingsorientert administrasjonskonsulent i 1 års 100% vikariat. Vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta av Setesdalsmuseet? Stillinga passar for deg som trivst med varierte oppgåver, likar å ha oversikt og tar ansvar for at både små og store oppgåver blir følgde opp. Som administrasjonskonsulent får du ei sentral rolle i den daglege drifta av museet. Du vil arbeide sjølvstendig med eigne ansvarsområde, samtidig som du samarbeider tett med dagleg leiar og resten av organisasjonen. Arbeidskvardagen varierer gjennom året, og det er viktig at du kan prioritere, planlegge og tilpasse deg skiftande behov. Fleire oppgåver gir rom for å vere kreativ. Arbeidsstad er Setesdalsmuseet på Rysstad, og målform er nynorsk.
Arbeidsoppgåver Administrasjon Administrativ og strategisk støtte for dagleg leiar Marknadsføring og kommunikasjon med ansvar for sosiale media...