Nav
Sæbø, Norway
Vil du bli ein del av «Den gode naboen»? Joker Bellingen søkjer butikkmedarbeidar. Stillinga er ei mellombels deltidsstilling med varigheit fram til 1. februar 2028. Slagordet vårt er Joker – Den gode naboen . For oss handlar det om meir enn å selje daglegvarer. Ein god nabo bryr seg, hjelper til og bidreg til eit godt lokalmiljø. No ser vi etter deg som vil vere med på laget vårt og gi kundane den gode Joker-opplevinga – kvar dag. Hos oss er ingen dagar heilt like. Vi har ikkje eigne avdelingar, så du får jobbe i heile butikken og lære litt av alt. Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere: varepåfylling og framtrekk av varer kassearbeid kundebehandling og god service betjening av Post i Butikk softisservering om sommaren anna praktisk og generelt butikkarbeid Her er det alltid noko å gjere, så du må trivast med ein aktiv arbeidsdag og vere klar for både mange skritt og tunge løft. Kven ser vi etter? Som ein del av «Den gode naboen» håpar vi...