Nav
Sæbøvågen, Norway
Om stillinga Det blir ledig mellombels undervisningsstilling ved Sæbø skule i Alver kommune frå januar 2027 og fram til 31.07.2027. Stillinga kan bli tillagt kontaktlærarfunksjon. Vikariatet kan bli forlenga utover hausten 2027 ut frå vikarbehovet ved skulen frå haust 2027. Du kan lese meir om skulen her. Om Sæbø skule Sæbø skule er ein 1.-7.-skule i Alver kommune, idyllisk plassert i Austmarka på Radøy (ca. 15 min. frå Knarvik). Skulen har om lag 80 elevar, og eit engasjert personale som arbeider for å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø, prega av trivsel, meistring og fellesskap. Med nærleik til naturen og gode uteområde legg vi til rette for aktiv læring, utforsking og utvikling for alle elevar. Arbeidsoppgåver planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar systematisk samarbeid med kollegaer og leiing om elevane si læring og utvikling aktiv deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid skape trygge og gode læringsarenaer der alle...