Nav
Sæbøvik, Norway
Kven er eg?
Kjappe replikkar, glimt i auga og god nordnorsk humør. Kan nok bli sit-down komikar kva tid som helst. Bruker elektrisk rullestol, og trenger hjelp til mykje, bortsett frå gaming. Du kan joine, men då må du ha med eigen PC. Det er supert om du likar å kjøre bil, for du blir nemlig privatsjåføren min (det er jo noko å ha på CV-en!). Det blir råning med meg som DJ. I alle fall i helgene. Og du må kanskje vere med meg på fest. Og kino. Kino er kjekt. Eg spanderer! Eg har sett det meste av matprogram og prøver stadig nye rettar. Ceviche og andebryst er ikkje uvanleg om eg har invitert folk på middag. Viss du har sett Ratatouille, så er samarbeidet slik at eg fjernstyrer deg. Eg forteller og smakar til, og du gjer kokkeleringa for meg. Krydderhylla er stor, grillen større, og det vert handla hos slaktar i Stavanger innimellom. Då må ikkje vere utdanna kokk, men det er fint om du kan steike noko anna enn pizza. Viss ikkje, så skal kan du glede deg til å lære...