Sauda kommune Oppvekst
Sauda, Norway
Sauda kommune har frå 01.08.2025 ledig 100 % stilling som spesialkonsulent/konsulent for barnehage, skule og SFO. Vi søkjer ein fagleg engasjert og motivert medarbeidar med god sans for orden, struktur og effektiv arbeidsflyt. Du må trivast med å jobba på tvers av einingar og kunne handtera eit breitt spekter av administrative oppgåver. Arbeidsoppgåver Økonomioppgåver knytt til rekneskap, budsjett, lønn, innkjøp og fakturabehandling Saksbehandling, informasjonsflyt, avtalar, korrespondanse og dokumentforvaltning Skriving av referat og vedtak Arkivering i sak- og arkivsystem Drift og oppfølging av fag- og administrasjonssystem Rolle som sentraladministrator og lokaladministrator for ulike program, med støttefunksjon til leiarar og andre tenesteområde Administrasjon av fleire IKT-system, til dømes skuleskyss Støtte til leiing og tilsette i ulike oppgåver Praktiske gjeremål knytt til dagleg drift Arbeidsoppgåvene kan bli justert etter behov og utvikling i...