Nav
Skogsvåg, Norway
Er du nyutdanna fagarbeidar og ønskjer fast jobb? Har du jobba som vikar i skule/SFO og ønskjer noko fast å gå til? Dette er ein sjeldan moglegheit. Vi søker 1 fast stilling på Skogsvåg skule som vert tilknytt SFO frå skuleåret 26-27. Du skal jobbe 39% fast gjennom skuleåret i SFO, mens 11% av stillinga vert direkte knytt opp til ferie-SFO med full arbeidsdag. Du vil få ei nøkkelrolle inn mot ferie-SFO og vere med å bidra til høg kvalitet med variert tilbod for dei barna som nyttar ferie-SFO. Skogsvåg skule treng alltid vikarar i skuletid, og det vil vere gode moglegheiter arbeid utover stillingsprosent. Om avdelinga: Like sør for Skogsskiftet ligg Skogsvåg skule. Frå skulen er det om lag 15 minutt køyring til Straume. Skulen ligg i flott natur med kort veg til toppen av Storaskjenet og til sjøen i Kvalvågen. Skogsvåg skule har rike tradisjonar og historikk knytt til song og musikk, til kystkultur og til det som rører seg i lokalmiljøet. Skulens visjon er; «Hand i hand...