Oppvekst og kultur, Vestre Slidre kommune
Slidre, Norway
Frå og med barnehageåret 2025-2026 lyser vi ut etter: - 100 % fast stilling som barnehagelærar i Slidre kulturbarnehage frå og med 01.08.2025. Det viser seg at Vestre Slidre kommune er ei attraktiv kommune å bu i, og i den anledning har Slidre kulturbarnehage utvida til 90 barnehageplassar. Vi har i dag ein barnehage, fordelt på to barnehagebygg. Barnehagane ligg tett ved kvarandre og ein samarbeider tett på tvers. Vi i Slidre kulturbarnehage er opptekne av natur, kunst, nærmiljø og samfunn. Vår barnehage ligg særs sentralt til i Vestre Slidre kommune, og vi har kort veg til skule, bibliotek, kulturskule, kommunehus, Helsetun, m.m. Vi samarbeider med kulturskulen i kommunen og har mellom anna musikk i barnehagen ei gong i veka. I tillegg kjem kulturskulen på jamlege besøk gjennom året for å halda konsertar for oss. Det er også særs viktig for oss å væra mykje ute i naturen, og vi er så heldige å ha ei grillhytte på uteområdet vårt, samt ein gapahuk rett i nærleiken. Vi har ei...