Sogndal kommune Kvåle skule
Sogndalsfjøra, Norway
Kvåle skule har rundt 400 elevar og 70 tilsette, fordelt på fem trinn (6.–10. klasse) med fleire parallellar per trinn. Frå skuleåret 2027/2028 vil skulen bli ein rein ungdomsskule med fire parallellar på kvart trinn, noko som gjer den til ein av dei største ungdomsskulane i tidlegare Sogn og Fjordane. I perioden 2024-2028 har Kvåle skule forplikta seg til eit tettare samarbeid med lærarutdanninga på HVL, og vil som Lærarutdanningsskule bidra ekstra innanfor praksisutveksling og kunnskapsutvikling med høgskulen. Med nærleik til idrettsmiljø, kommunale og statlege aktørar, samt eit etablert samarbeid innan kompetanseklynga på Campus Fosshaugane, ønskjer Kvåle skule å møte framtida med eit sterkt fokus på utvikling og kvalitet i undervisninga. Kvåle skule har som mål å bli eit flaggskip for kompetanseutvikling på ungdomstrinnet i Sogn. Det vil frå hausten 2025 bli ledig fylgjande: inntil 1 x 100% årsvikariat Eventuelt andre ledige stillingar som skulle bli tilgjengeleg....