Nav
Storebø, Norway
Om stillinga Austevoll kommune søker ein engasjert og løysingsorientert vaktmeister til 100 % fast stilling i avdeling for drift og vedlikehald. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til Storebø skule, men du vil òg vere ein del av kommunen sitt samla driftsteam. Det må difor påreknast oppgåver ved andre kommunale bygg og eigedomar, mellom anna ved Austevollbadet, etter behov. På Storebø skule vil du vere ein viktig del av kvardagen til både elevar og tilsette, og bidra til at dei har trygge, trivelege og velfungerande lokale. Som vaktmeister hos oss får du ein variert arbeidskvardag med både sjølvstendige oppgåver og samarbeid med gode kollegaer. Vi nyttar FDV-systemet Famac til å planlegge, registrere og følge opp arbeidsoppgåver. Du vil få nødvendig opplæring og støtte til å strukturere arbeidsdagen, etablere gode rutinar og prioritere oppgåvene dine. Vi ser etter deg som trivst med praktisk arbeid, tek ansvar og likar å finne gode løysingar. Du treng ikkje kunne alt frå før –...