Nav
Straume, Norway
Bjorøy skule er ein barneskule med om lag 110 elevar frå 1.–7. trinn og kring 18 tilsette. Elevane kjem hovudsakleg frå Bjorøy og Tyssøy. Som ein liten skule har vi eit nært og trygt fellesskap der alle elevar blir sett, og der samarbeid mellom skule og heim står sentralt. Visjonen vår er å skape «utforskande, kreative og trygge barn i eit stimulerande læringsmiljø». Bjorøy skule er kjend for eit godt læringsmiljø både i skule og SFO, og vi arbeider målretta for å utvikle trygge, modige og rause elevar. Vi har særleg fokus på lesing og på å gi elevane gode meistringsopplevingar gjennom ein variert og praktisk skulekvardag. Skulen har SFO for elevar på 1.–4. trinn, inkludert eit eige tilbod i skuleferiane. Bjorøy skule ligg naturskjønt til på Bjorøy, om lag 20 minutt frå kommunesenteret på Straume og med tilsvarande reisetid til Bergen sentrum. Målforma ved skulen er bokmål, medan administrasjonsspråket i Øygarden kommune er nynorsk. Vil du leie ein skule med ambisjonar om å...