Nav
Suldalsosen, Norway
Pedagogisk leiar i Vinjar barnehage avdeling Nesflaten Me ønskjer deg som set borna i fokus. Om oss: Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar, - frå mindre barnehagar med minstetal 6 plasser, til oppvekstsenter og større einingar med over 80 plasser - alle med sine eigne kvalitetar. Avd. Nesflaten er den minste avdelinga i Suldalsbarnehagane lokalisert i bygda Nesflaten, denne avdelinga er ein del av Vinjar barnehage på Suldalsosen. Frå hausten 2027 skal Nesflaten driftast som oppvekstsenter med barnehage, skule og SFO. Me jobbar saman mot målet: «Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring» Som pedagog hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal. Er du klar? Me treng deg! Kven ser me etter? Du har godkjent...