Aure barneskule, Sykkylven kommune
Sykkylven, Norway
Vi søkjer to dyktige og engasjerte lærarar som ønskjer å delta i utviklinga av eit godt lærings- og utviklingsmiljø. Vi har behov for 170% vikar fordelt på to undervisningssstillingar for skuleåret 2025-2026. Ei 100% undervisningsstilling som kontaktlærar i småskulen og ei 70% undervisningsstilling som faglærar i Kunst og handverk. Aure barneskule er ein ny flott skule som opna dørene hausten 2023, og er sentralt plassert i sentrumsområdet i Sykkylven. Skulen er ein 1-7 skule med 20 klasser og 3 parallellar. I tillegg har vi ein stor SFO med om lag 140 elevar. Skulen har ei ressursavdeling med helsesjukepleiarar, PPT, logopedar, fysioterapeut og ergoterapeut, og er samlokalisert med Sykkylven kulturskule og Aure idrettshall. Skulen har vidare eiga avdeling for Kunst og handverk, med godt utstyrte rom for sløyd, tekstil og keramikk. Undervisninga er organisert i eit to-lærarsystem i basisfaga, norsk, matematikk og engelsk, på alle trinn. Det inneber at det er to faglærarar i...