Nav
Sylte, Norway
Vi er mange i Linja som har ansvar for å byggje og drive straumnettet, mellom fjordar og fjell frå Askvoll i sør til Ålesund i nord. Det gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit nyskapande næringsliv her. Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi forsyner over 100 000 kundar med straum. Vi er 275 tilsette, inkludert 15 lærlingar.
Våre energimontørar har spennande arbeidsdagar, i dagleg drift og i beredskapssituasjonar. No styrker vi miljøet vårt i Valldal.
Arbeidsoppgåver
Oppgåver knytt til dagleg drift, inspeksjonar, vedlikehald, fornying og kapasitetsauke i Linja sine nettanlegg, kabel/linje opp til 132 kV Deltaking i Linja sin beredskap Veilede og vere eit godt førebilete for våre lærlingar
Kompetanse
Fagbrev som energimontør, alternativt andre fagbrev innan elektro som kan føre til energimontør Erfaring frå bygging, drift og vedlikehald av nettstasjonar og linje-/kabelanlegg Førarkort klasse B er eit krav, det er også ønskeleg med klasse BE...