Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Syvde, Norway
Stillinga som rektor er ledig frå 1. august 2025. Stillinga er eit års vikariat med mulighet for fast tilsetting. Myklebust barne og ungdomsskule er ein 1-10 skule med SFO-ordning. Skulen har om lag 120 elevar og 30 tilsette. Administrasjonsressursen er på 150% stilling fordelt mellom rektor og assisterande rektor. Ungdomsskulen ved skulen har flytta inn i lokala i det tidlegare VGS bygget i Syvde.
Arbeidsoppgåver Til å leie og vidareutvikle Myklebust barne- og ungdomsskule søkjer vi etter ein samlande og motiverande leiar, som gjennom eit tydeleg og inkluderande leiarskap medverkar til eit utviklande og godt lærings- og arbeidsmiljø. Du er utviklings- og løysingsorientert, har eit stort samfunnsengasjement og eit sterkt ynskje om å bidra til å vidareutvikle gode tenestetilbod for barn og unge. Vanylven kommune søkjer ein person med interesse og engasjement for skuleutvikling og med ambisjonar om å skape ein god skule. Du er ein pådrivar for å utvikle skulen i samsvar med...