Nav
Tresfjord, Norway
Vårt behov
Tresfjord EnSpire skule ønsker å knyte til seg ein eller fleire ringevikarar som kan stille opp ved behov gjennom skuleåret.
Behovet vil variere, og stillinga har derfor ikkje ein fast stillingsprosent. I enkelte periodar kan det vere behov for fleire vakter, medan det i andre periodar kan vere lite eller ingen arbeid. Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til fråvær blant dei tilsette våre.
Vi ser etter deg som kan vere aktuell som vikar både i skuletida og på SFO. Arbeidsoppgåvene kan derfor variere mellom undervisning, arbeid som assistent og oppgåver knytt til SFO.
Det er ein fordel om du har moglegheit til å stille på relativt kort varsel.
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Som ringevikar hos oss kan arbeidsoppgåvene mellom anna vere å:
gjennomføre undervisning etter planar frå lærar.
følge opp og støtte elevar i undervisninga.
bidra som assistent i klasse og mindre grupper.
bidra til eit trygt, inkluderande og godt skulemiljø.
delta i...