Nav
Treungen, Norway
Vil du vere med og utvikle framtidas helse- og omsorgstenester? Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert avdelingsleiar til våre heimebaserte tenester. Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre gode, trygge og framtidsretta tenester til innbyggjarane våre. Du vil leie dyktige medarbeidarar og vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av tenesteområdet. Heimebaserte tenester består av heimesjukepleia, drift av korttidsavdelinga og KAD plass samt heimehjelp.
Arbeidsoppgåver Fagleg, personalmessig og økonomisk ansvar for avdelinga Leie og vidareutvikle medarbeidarar og arbeidsmiljø Sikre kvalitet, fagutvikling og god ressursutnytting Bidra til innovasjon og utvikling av heimebaserte tenester Samarbeide tett med brukarar, pårørande og aktuelle samarbeidspartnarar Delta i leiargruppa og bidra til heilskapleg tenesteutvikling Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag Leiarerfaring frå heimebaserte tenester er ønskjeleg...