Tysnes Kommune
Uggdal, Norway
Om stillinga Tysnes kommune søkjer ein engasjert og tydeleg einingsleiar for open omsorg , som vil spele ei nøkkelrolle i å sikre og vidareutvikle gode tenester for innbyggjarane våre. Eining for open omsorg omfattar heimetenestene, som inkluderer både heimesjukepleie og heimehjelp, samt to veldrevne bufellesskap for personar med psykisk utviklingshemming med tilknytt dagsenter. Bufellesskapa og heimesjukepleie har eigne avdelingsleiarar. Heimetenestene er samlokalisert med Tysnes omsorgssenter i moderne lokale frå 2017, noko som legg til rette for tett samarbeid mellom einingane. Dette, og samarbeid med tenestemottakarar, pårørande, legetenester og andre interne og eksterne samarbeidspartnarar er avgjerande for å kunne tilby heilskaplege og gode tenester til heimebuande som har trong for det. Som einingsleiar har du det overordna ansvaret for eininga sine tenester, inkludert fag, økonomi og personalleiing. Du vil samarbeide tett med andre tenester i kommunen for å sikre god...